onsdag 13. juni 2012

UTEKOS

                                                        Me har flytta....

Men ikkje så langt. Berre nett utom døra. Me tilbringer tida ute no som været er så flott.....og det er heeeeeerlig....................



 Og ENDELIG har eg fått malt leveggen. Har stått ubehandla i lengre tid, og gjett om eg er glad for å ha fått det gjort....jippiiiiii;) Så her skal eg nyte livet i solveggen så fort tjangsane byr seg. Håper på ofte;)

Ein gammal,og selfølgelig malt kjettingkasse fungerer godt til så mangt. Her må me stable litt i høgden.

fredag 4. mai 2012

Helg


                          

Då er det på tide å synke godt ned i sofaen ein fredagskveld.  Her i huset har det vert fyllt til randen med vannkopper i tre veker,så no tar mor ein liten pust i bakken:) 



                                                           GOD HELG





Litt Grønt

Tomatplantane ser ut til å ha det greit. 
Clematis....;)Endelig kom den i jorda. Den har stått og tørka ut i mangen veker. Piffen datt litt vekk ei stund der. Men no er håpet at den vokser i et tempo eg kan like...(effektiviteten lenge leve.....).Og då skal pryde ein ganske trist levegg. Må henge opp noko den kan klatre på, så kan den berre slenge seg bortover.....





Så har eg investert i noko so flott som Himalayaeiner. Blue Star. Kunne like gjerne gått i marka og funne ein lik heilt gratis tenker du??? Jo eg er einig.  Men fin vart den  no...

lørdag 21. april 2012

Skrammel


Så måtte eg ha meg ein tur på gjenbruk igjen. Alltid så spennande. Denne suppeterinnen var der også forrige gong.  Når eg såg den att no,måtte eg nok versågod ta den med. Så no har den fått vakkert besøk av Fr.Hortensia.




Denne hylla var no så søt. Passer vel perfekt til et prinsesserom;) Men den får gjerne et malingstrøk kanskje.....må tenke litt på den.
Så denne utrulig flotte kakeboksen til ein tjuìngs. Heilt greit liksom. Kavringane oppi fulgte heldigvis ikkje med.......................

onsdag 11. april 2012

Badet

Jaja så var påsken over for denne gong. Skrammelfrua har desverre vert travelt opptatt med andre ting enn å blogge:) Men no er eg iallefall her. Legg ut ein liten smakebit av badet for øyeblikket. Sjølv syns eg bildene er ein fryd for auge...då det er sjeldan det er så fint og ryddig.....
Baderomsinnredning frå Vedum bad. Type Louis. Praktfullt møbel. Var no det einaste eg fann som eg ville ha på badet vårt.....;) Fornøyd..

Men ein ting eg fekk gjort i påska,var å lage denne stigen. Mykje to gamle "hæsjastaura" , og litt rakved kan brukast til.  Bør ikkje akkurat klatrast på, men perfekt til handukstørk.




Hjerterankene følgjer med meg over alt...

søndag 25. mars 2012

God søndag

Igår hadde me årets første hagehandledag.  Då gjekk me til innkjøp av litt løker, men mest frø til grønnsaker o.d. Merker at det klør i fingrane etter å begynne ute.


Me skal begynne å så litt inne no først, og sette det ut seinare når været tilseier det.

Så var det denne høna då. Den var så fin at den måtte bli med heimatt og.

Så idag på denne deilige søndag, fekk me sådd i alle frøa me hadde kjøpt. Me har begynt med purre, persille og tomat.  Kjekt å få hjelp av størstejenta til arbeidet.

Føler meg allerede i god påskestemning egentlig.


Føler eg har vert i det driftige hjørnet idag. Eg har lenge ønska meg et plantebord ute. Greit å ha ein plass til alt utstyr/potter o.d.  Så derfor.....ahaaaaa.....stellebordet! No har nr tre blitt så stor at det ikkje blir brukt så mykje meir.  Så her tok det vegen. Passer heilt perfekt. Så då fekk me rydda litt opp i mykje idag. Så godt med flott vær.


onsdag 21. mars 2012

Snart påske

Då har påskepynten så smått begynt å dukke opp i Skrammelhuset. Ja, dette er faktisk den einaste påskepynten i Skrammelhuset....vertfall for øyeblikket.  Hønene trives iallefall på vaglen her;)

Desse gode hønene kjøpte eg i fjor påske. Gode utrykk, tjukke og gosselige;)





Denne krakken kjem nok til å vere med meg på mange av bildene mine.  Den er heilt fantastisk flott;)  Skramlete og fin.










fredag 16. mars 2012

Sauebesøk

                    Hei, og god fredag;) 

Eg hadde ein liten plan idag om å gå ut i hagen og ta bilde av dei sjønne små(snart grønne) knoppane på syrintreet mitt, og legge ut her på bloggen min.
Men der hadde det vert ubudne gjester gitt. Altså, sauene. Dei syns vel dei såg like fristande ut som eg syns dei var sjønne. Så ein kan nok sei at syrintreet er ganske godt beskjært.  Men men, sånn går det. Så på ein dag har mannen fått opp gjerdet rundt hagen. All honnør til han;)
Men desverre ingen bilde idag då.

Ønskar alle ein flott  fredag, og med ønsker om ei stor sol på himmelen.


Barnerom

Denne søte speledåsen kom ifrå ei god besta. Litt sånn plinkete i lyden, men vakker å sjå til...



Dette er rommet til prinsessejenta på 3 år. Ho er så heldig å ha ei god bestemor som er et unikum  på bl.a det å sy. Puter i senga, og teppet kjem frå ho.

Litt nips

fredag 9. mars 2012

Kontorkoseplassen

Her er mi lille kontorhule. Her sit eg og kosa meg med all blogg gøyen. Skrivebodet er kjøpt brukt. Deretter  malt og pussa,og malt litt att. Korfor gjere da enkelt......

                                        

mandag 5. mars 2012

MANDAGSDROPS

Dette kvikka meg opp ein mandagskveld. Ja, kjøpte drops til jentene her i veka, men det hadde eg jo glømt. Er vel lov med ein liten forsmak for mor???

Og så er det så utrulig fint med desse gamle sandkakeformene. Perfekt til telys...

fredag 2. mars 2012

Endelig fredag


O Salige fredag



Lunt og godt i kroken;)


 Stolen og bordet var opprinneleg lakka mahogny, og stolen hadde et lite lekkert bourgunderødt fløyelstoff. Det måtte me fikse litt på. Malte dei kvite begge to og trakk om stolen i et slags striestoff.



Nydelege. Arvegods etter besta mi.

torsdag 1. mars 2012

Hjertene

Eg berre elsker desse hjerterankene(eg kallar dei iallefall det). Har ein del rundtom som de ser.

onsdag 29. februar 2012

Kjøkken

No i byrjan legg eg ut litt av bilder av slik som eg har det heime hos meg.( Nåja, ikkje alltid så ryddig som dette nei, men hva gjør man ikke.....)

Kjøkkenet er ikea. Men eg har prøvd å få det litt til den landlige stilen. Under overskapa har me satt på samme lister som me har rundt vindua. Det blei ikkje så verst.



Gammelt skap, kjøpt på gjenbruk. Og MÅTTE selfølgelig malast og pussast. Dette inneheldt alle hobbysakene til jentene mine. Det er på kjøkkenet me likar oss best med slike syssler.