onsdag 29. februar 2012

Kjøkken

No i byrjan legg eg ut litt av bilder av slik som eg har det heime hos meg.( Nåja, ikkje alltid så ryddig som dette nei, men hva gjør man ikke.....)

Kjøkkenet er ikea. Men eg har prøvd å få det litt til den landlige stilen. Under overskapa har me satt på samme lister som me har rundt vindua. Det blei ikkje så verst.



Gammelt skap, kjøpt på gjenbruk. Og MÅTTE selfølgelig malast og pussast. Dette inneheldt alle hobbysakene til jentene mine. Det er på kjøkkenet me likar oss best med slike syssler.



tirsdag 28. februar 2012

Ståva etter et malestrøk

Skapet er gammalt. Trur bestemor brukte det til diverse greier i si tid. Men det var rødt, og fekk derfor et malingstrøk.

Møblane kom verkeleg til sin rett med denne fargen.

Denne delen av ståva var malt i farge eggkvit. Men eg ser jo at denne fargen vart jo berre heilt Smæsjing. Kameleon heiter den.

mandag 27. februar 2012

Ståva

Når ungane er lagt, kan jo frua leike seg litt. Her er litt sånn som det ser ut i heimen vår.....vel og merke IKKJE når ungane er tilstades. Då er det som det skal vere, litt meir lego, dukkegreier o.d rundtom.
Denne gamle kommoden er etter bestefaren. Den var godt falma i fargen,og vart malt i ein type skipsmaling. Blank kull. Nydeleg møblement. Det høyrer til ein speil oppå, men det var før ødelagt til å brukast.


I bakkant her ser de bokhyller/vitrineskap frå ikea type markør. Dei er malt i same farge som kommoden.

Vitrineskap som er kjøpt brukt. Var opprinneleg i furu.

Lampen er frå Skovly Collection. Elsker den . Sett fint mønster på veggane når den er på om kvelden. Bord og stoler er kjøpt brukt. Og er og malt i samme svartmaling som det andre.





Eh ja......tok meg ein tur i fjøra for å sjå om eg fann noko spanande. (og dette var det eg fant, tenker vel du), men eg tok den no med. Tja, ikkje så verst?? Litt naturelementer??? Men mannen lurte på ka den "buskå" gjorde der....!! (hrmf......) Mens jenta mi på 3 år seier:ÅÅÅ den var fin mamma. Haha....! Bra dei minste ser det store i det små......













Stemningsbileter

Ja så var eg her...med bloggen min;) Litt skummelt er det jo, så eg reknar med at ferske, uvitande bloggarar får litt  startsympati evt??? ,
Legg til bildetekst