søndag 25. mars 2012

God søndag

Igår hadde me årets første hagehandledag.  Då gjekk me til innkjøp av litt løker, men mest frø til grønnsaker o.d. Merker at det klør i fingrane etter å begynne ute.


Me skal begynne å så litt inne no først, og sette det ut seinare når været tilseier det.

Så var det denne høna då. Den var så fin at den måtte bli med heimatt og.

Så idag på denne deilige søndag, fekk me sådd i alle frøa me hadde kjøpt. Me har begynt med purre, persille og tomat.  Kjekt å få hjelp av størstejenta til arbeidet.

Føler meg allerede i god påskestemning egentlig.


Føler eg har vert i det driftige hjørnet idag. Eg har lenge ønska meg et plantebord ute. Greit å ha ein plass til alt utstyr/potter o.d.  Så derfor.....ahaaaaa.....stellebordet! No har nr tre blitt så stor at det ikkje blir brukt så mykje meir.  Så her tok det vegen. Passer heilt perfekt. Så då fekk me rydda litt opp i mykje idag. Så godt med flott vær.


onsdag 21. mars 2012

Snart påske

Då har påskepynten så smått begynt å dukke opp i Skrammelhuset. Ja, dette er faktisk den einaste påskepynten i Skrammelhuset....vertfall for øyeblikket.  Hønene trives iallefall på vaglen her;)

Desse gode hønene kjøpte eg i fjor påske. Gode utrykk, tjukke og gosselige;)





Denne krakken kjem nok til å vere med meg på mange av bildene mine.  Den er heilt fantastisk flott;)  Skramlete og fin.










fredag 16. mars 2012

Sauebesøk

                    Hei, og god fredag;) 

Eg hadde ein liten plan idag om å gå ut i hagen og ta bilde av dei sjønne små(snart grønne) knoppane på syrintreet mitt, og legge ut her på bloggen min.
Men der hadde det vert ubudne gjester gitt. Altså, sauene. Dei syns vel dei såg like fristande ut som eg syns dei var sjønne. Så ein kan nok sei at syrintreet er ganske godt beskjært.  Men men, sånn går det. Så på ein dag har mannen fått opp gjerdet rundt hagen. All honnør til han;)
Men desverre ingen bilde idag då.

Ønskar alle ein flott  fredag, og med ønsker om ei stor sol på himmelen.


Barnerom

Denne søte speledåsen kom ifrå ei god besta. Litt sånn plinkete i lyden, men vakker å sjå til...



Dette er rommet til prinsessejenta på 3 år. Ho er så heldig å ha ei god bestemor som er et unikum  på bl.a det å sy. Puter i senga, og teppet kjem frå ho.

Litt nips

fredag 9. mars 2012

Kontorkoseplassen

Her er mi lille kontorhule. Her sit eg og kosa meg med all blogg gøyen. Skrivebodet er kjøpt brukt. Deretter  malt og pussa,og malt litt att. Korfor gjere da enkelt......

                                        

mandag 5. mars 2012

MANDAGSDROPS

Dette kvikka meg opp ein mandagskveld. Ja, kjøpte drops til jentene her i veka, men det hadde eg jo glømt. Er vel lov med ein liten forsmak for mor???

Og så er det så utrulig fint med desse gamle sandkakeformene. Perfekt til telys...

fredag 2. mars 2012

Endelig fredag


O Salige fredag



Lunt og godt i kroken;)


 Stolen og bordet var opprinneleg lakka mahogny, og stolen hadde et lite lekkert bourgunderødt fløyelstoff. Det måtte me fikse litt på. Malte dei kvite begge to og trakk om stolen i et slags striestoff.



Nydelege. Arvegods etter besta mi.

torsdag 1. mars 2012

Hjertene

Eg berre elsker desse hjerterankene(eg kallar dei iallefall det). Har ein del rundtom som de ser.